Vi har vakker natur rundt oss på alle kantar. Enten i form av lokasjon nærme sjø, eller inn mot fjellheimen. Det er uendeleg av moglegheiter til å velje flott lokasjon ute. Ein treng ikkje klyve på høge tindar for å skape eit flott minne utandørs- det kan gjerast ganske enkelt også.
Når barn blir fotograferte ute, er dei ofte meir fri og levande. Eg fotograferer ofte barna i fri leik, då er dei meir seg sjølve. Dette gir flotte og naturlege bilde. Utandørs fotografering kan gjelde både sjanger barn, søsken, familie eller portrett.
Når det gjeld val av lokasjon er dette noko vi planlegg i forkant. Eg møter gjerne på hytta, landstad, ved sjøen eller i skogen- alt etter ønske. Om der er stor avstand frå studio mitt på Liadal vil der kome eit køyretillegg på kr 500 pr. påstarta time.
Det er fleire som stiller spørsmål på kva årstid som passar best. Eg tenkjer at kvar årstid har sin sjarm, med sine fargar og sitt preg. Eg vil anbefale å fotografere med skydekke, då dette gir best lys. Med sola ståande på blå himmel gir ofte hardt lys som gir store slagskygger. Det vil også medføre mysing av dei som blir avbilda.
Men dette kan vi unngå med god dialog og planlegging i forkant.
I prisen er fotograferinga og visningsfil inkludert. Visningsfil er dei beste bilda sette saman til ein PDF med vassmerke. Ut ifrå denne kan de bestille bilde. Vi kan ha visningstime i studio innan ei veke frå visningsfil er sendt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg.