Då eg skapte kunstprosjektet “Tyll på Tind”, opna det opp for ein ny sjanger i føretaket mitt. Åra 2010–2012 fotograferte eg meg sjølv på ulike tindar i Ørsta Kommune. Med god hjelp bar eg med ei mengde av tungt fotoutstyr til alle fotograferingane. Dette for å skape bilde med optimal lyskvalitet. Det er tungt, ja. Men likevel verdt det, når ein ser på bilda i ettertid. Med stor glede opna prosjektet opp for ein etterspørsel i å portrettere i flott tindelandskap.
Sidan 2012/2013 har eg altså fotografert kundar i fjellet. Stort sett på Sunnmøre, der eg er mest kjend. Eg har hatt med meg fleire brudepar, konfirmantar og også hatt fotograferingar av kjærastepar og venninner i vakre Sunnmørsfjell. Eg har også dokumentert vigsel i fjell med prest og musikantar som ein del av den magiske ramma. Vedlagt i slideshow er også nokre bilder frå privat jubileumsfeiring som blei dokumentert på fjellet, samt har eg også dokumentert turar til ulike bokprosjekt.
Når ein skal ha tindefotografering er det viktig med ei god planlegging, slik ein kan skreddersy den enkeltes ynskje. Nokon vil ha ulike element i bildet som skal skapast. Alt frå rått og vertikalt fjellportrett til portrett med djupne i fjellhav som bakgrunn. Nokre tindar egnar seg betre enn andre, så her er det viktig planlegge saman slik ein finn rett lokasjon.
Ta kontakt på e-post om der er spørsmål kring denne sjangeren. Ein ting er sikkert, om de vel ei slik fotografering så er det garantert eit episk minne for livet.