Med søskenfotografering tenkjer ein oftast på bilete når barna er små. Søsken er ein heile livet. Fotografering gjeld difor søsken som born, ungdom og eldre. Siste åra har eg fotografert mange eldre søsken, ofte i ein kombinasjon av familiefotografering. Når søsken blir eldre, flyttar og etablerer seg kan det være ei fin markering å investere i gode bilde som minne om søskenforholdet.
Om barna er små vil eg gjerne anbefale at begge foreldre er med på opptak. Eit studio med fleire små barn kan ofte medføre litt springing for å sette barna på plass, så då kan det vere kjekt med nokre ekstra hender. Det kan vere ei utfordring å skulle ha to eller fleire barn til å stå stille og smile på same bilde, men det er verdt det når vi får resultat som galleriet mitt viser. Her kan vi få alt frå smilande bilde, legende bilde og alvorspreget bilde. I tillegg til fellesbilde av søsken, tek eg også gjerne åleineportrett.
Av antrekk anbefaler eg at de tek med antrekk der fargane i plagga går i same nyansar, eller ton i ton. Om de er i tvil, så ta med fleire antrekk. Unngå store smykke og klokker. Det kan også være lurt sjekke at borna er utan barne-tatovering og neglelakk. Ofte fotograferer eg søskenoppsett berrbeint. Hugs å ha med drikke og litt energipåfyll. Eg brukar ha nokre småpauser mellom oppsett slik borna får slappe av. Vi skal prøve ha mest mogleg leikande stemining.
I prisen er fotograferinga og visningstime inkludert. Det blir sortert ut dei beste bilda sette saman i eit online galleri med vassmerke. Ut ifrå dette kan de bestille bilde. Om du ønsker, kan vi ha visningstime i studio innan ei veke frå galleriet er publisertt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg.