OM FOTOGRAF MA
Eg er utdanna fotograf gjennom skular i Oslo, og gjekk også i lære der. Vidare har eg utvikla meg gjennom kurs i inn- og utland. Sidan 2005 har eg jobba med fotografering.
No jobbar eg deltid som fotograf og trives veldig med eit spekter av ulike oppdrag.
Då eg flytta heim til Ørsta, pussa eg opp gamle skulen på Liadal. Denne bygningen er prega av manglande vedlikehald, men eg har ein draum om å få den totalrenovert. Tida vil vise om eg får det til. I studio har eg hygga meg med mange koselege fotograferingar.
Eg bruker også naturen som lerret, så eg fotograferer veldig gjerne ute. Her på Sunnmøre kan vi finne flotte lokasjonar, alt frå ved sjøen tilhøge tindar. For meg er det ingen avgrensingar. Mi nisje er barnefotograferingar og bryllaup, men eg jobbar også mykje innan dei andre sjangrane. Kall meg ei foto-potet.
I løpet av desse åra er eg så heldig å kunne vise til mange premieringar i på både landsnivå og utland. Eg har blant kosa meg med tittelen “Årets barnefotograf” Dei seinare år har eg late vere konkurrere, men i 2022 kasta eg meg ut i det igjen og landa blanta anna "GULL" for eit portrett i den prestisjetunge Landskonkurransen for profesjonelle fotografar i Norge.
Eg er også kvalifisert som QEP- Qualified European Photographer som er å rekne som et Europeisk svennebrev for profesjonelle fotografer.
Meg summert opp som fotograf er at eg elskar det magiske augeblink. Eg liker situasjonsbilde og gjerne bilde som har eit preg av melankoli, eit spesielt uttrykk og så absolutt må der vere eit blikkfang.
Ta kontakt HER om du har spørsmål om mine tjenester, eller om du ønsker bestille time til fotografering.