BEDRIFT
Profesjonelle bedriftsbilete er eit kraftig verkemiddel for å skape eit sterkt visuelt inntrykk og byggje tillit hos kundar og samarbeidspartnarar. Gode portrett og miljøbilete bidreg til å forme bedriftas identitet og styrke merkevara di. Med mange års erfaring innan bedriftsfotografering og eit skarpt blikk for detaljar, leverer eg bilete som ikkje berre er teknisk feilfrie, men også fengjer og formidlar bodskapet ditt.
Marknaden i dag florerer av rimelege kjøpebilde. Klart det er freistande å kjøpe billlege stockphotos på nett.. Men har du tenkt over at bilda du viser fram til kundane dine er med på å skape førsteinntrykket av din bedrift? Om du bruker stockphotos eller knipsar med mobiltelefonen, så er ikkje desse bilda med på å styrke historia du prøver å formidle.
Enkle og uprofesjonelle bilde svekker dessverre tillit. Investerer du derimot i bedriftsfotografering, så vil gode og ekte bilde av tilsette i bedriftas omgivelser styrke ditt omdømme. Det gir truverd, og truverde skapar tillit. Eg jobbar for at bilda eg tek skal gi effekt og at det blir ei lønnsam investering for deg.Som fotograf kan eg ta profilbilde av dine tilsette enten i studio mitt, eller i form av miljøportrett i ekte omgivnad. Med lang arbeidserfaring innan fotografering, kommunikasjon og også grafisk design- kan eg bidra med å løfte di bedrift sine mål og visjonar med ei strategisk tilnærming.
Som bedriftsfotograf kan eg tilby fleire typar fotografering: Eg kan hjelpe deg med blant anna:
- Tilsettebilde/portrett i studio
- Miljøportrett på location
- Illustrasjonsbilde/bildedatabase
- Produktfotografering i studio
Eg skreddarsyr ulike løysingar for din enkelte bedrift, så ta kontakt for samtale og pristilbod.