OM STUDIO
Eg har studio i hovudetasjen i ein gammal skule på Liadal. Denne skulen var oppført i 1904, og der var undervisning til midt i 1950-talet. Eg har familie frå Liadal, så eg har ei tilknyting til staden. Da skulen vart for liten, vart undervisninga på Liadal flytta til ein nyare skule like ved. Min bestefar og hans bror kjøpte bygningen og etablerte Liadal Treindustri. Der laga dei forskjellige bord, aviskorger og andre produkt av tre. Industrien vart etter kvart nedlagt, og skulen sto tom. Då eg flytta tilbake til Ørsta med mine då tre born, fekk eg pusse opp gamleskulen og etablere meg der. I seinare tid har eg kjøpt heile bygningen. Den treng så absolutt å bli rehabilitert, så dette er noko eg prøver få prioritert.
Studio er ikkje lett å finne, når du ikkje veit kvar det er, så derfor kjem det ei vegskildring her:
Køyrer du frå Ørsta mot Ålesund:
Liadal er ca. ei mil frå Ørsta sentrum. Liadal er merka med eige skilt. Når du passerer ei lita bru og kjem til et skilt som står Sandvik & Co, er du veldig nærme. Når du kjem til sandvik & Co, kan du sjå opp til høgre. Over marken der står ei gammal kvit bygning, med Fotograf MA skilt på veggen. Ta av neste vesle stikkveg opp til høyre, så er du straks i studio
Om du kjem frå Ålesund:
Ca 10 min frå Vartdal må du begynne vere obs. Du er nærme når du køyrer forbi et skilt som står Rjåneset på høgreside av vegen (rorbuer). Da køyrer du i 70 sona og køyrer ei strak strekning. Når du kjem til ei lang sving mot venstre retning, er det tett før du skal køyre av hovudvegen. Like etter svingen, skal du ta av stikkveg til venstre. Følg denne eit lite minutt, så er du ved studio.
Sjå kart lagt ved nedanfor teksta. Skulle de likevel vere i tvil og usikre på vegen, så ring 481 20 906.
ADRESSE:
Bøen 19
Liadal/Ørsta