Å fotografere barn er noko av det kjekkaste eg veit. Ei fotografering kan vere både artig og utfordrande. Eg prøver etter beste evne å gjere timen i studio til ei morosam oppleving, samtidig som eg gjer alt for å skape unike bilde av ditt barn. I studio vil eg gjerne at der blir gjort ulike oppsett med skift og forskjellige bakgrunnar. på den måten vil det skape ein variasjon i oppsettet. Mitt mål er å skape mange blinkskot som de kjem til å elske.
Når barnet er ca. 12-14 mnd er det eit fint tidspunkt å fotografere. På den tida har barnet kanskje lært seg å gå. Og det kan stå på eiga hand. Ein får mykje meir variert oppsett. Barnet kan fotograferast i heilprofil, ståande, gåande eller sittande. I den alderen er det også lettare å kommunisere, og ein kan lettare få barnet til å le.
I alder 12-14 mnd skjer det mykje med sjølve utviklinga til barnet. Fotograferinga kan vere prega av høg intensitet. Det kan bli artig i studio når vi hopper rundt og syng songar for å få barnet til å le og spele med. Godt humør og god planlegging gir rom for fleire blinkskot. Når barnet er eldre, i alderen 3-6 år, er det ei heilt anna fase som pregar barnet. Vi har betre kommunikasjon, og med dialog når eg tek nærbilde kan der kome mange forskjellige uttrykk som igjen gir flotte blinkskot.
Av antrekk til fotograferinga anbefaler eg at de tek med forskjellige skift, gjerne klede med nøytrale fargar og er utan store trykk. Det er lov å ha med rekvisita som bamse, benk, klossar om de ynskjer bruke dette for å gi bilda eit personleg preg.
Prøv å bestille time like etter sovetid dersom barnet søv på dagtid, og unngå kome rett etter barnehage da barnet oftast er trøtt etter ein lang dag. Fokuset bør være å kome mest mogleg opplagt, då får ein mest ut av fotograferinga.
I forkant av fotografering er det lurt å orberede barnet, gjerne start heime og prat om meg og studio- og frisk opp praten i bilen på veg. Eg er ein framand for barnet, så det kan ofte være lurt å nemne meg i forkant, og bygg det gjerne opp med litt spenning slik han eller ho gleder seg. Hugs å ta med drikke og eventuelt litt frukt eller smoothie til barnet. Det kan vere kjekt ha ei lita pause mellom skift eller oppsett.
Påfyll av energi er alltid bra.
I prisen er fotograferinga og visningstime inkludert. Det blir sortert ut dei beste bilda sette saman i eit online galleri med vassmerke. Ut ifrå dette kan de bestille bilde. Om du ønsker, kan vi ha visningstime i studio innan ei veke frå galleriet er publisertt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg.