Ei vanleg problemstilling i dei fleste heimar er at det er anten mor eller far som tek bilete av flokken. Det medfører at det som regel alltid vil mangle ein på bilde. Så kanskje det er på tide å kome til studio mitt? La meg få ta bilde av gjengen din. Kom som de er, anten pynta eller med daglege klede. Still opp med godt humør, så skal eg love at det blir eit par kjekke timar i studio. Nokre har også̊ pelskledde familiemedlemmar og de skal sjølvsagt få vere med
Familie eller gruppefotografering er alt frå ei lita småfamilie til storfamilie. Studio er ikkje av det største, så det begrensar seg litt med tanke på kor mange personar der er plass til. Om de skal fotografere i studio, prøver eg sette eit maks på 12-13 personar (her gjeld det inkludert barn) Det som er lurt er å sjekke med meg i forkant, slik vi kan gjere det på best mogleg måte. Elles kan eg ta enda større grupper til fotografering utandørs, der er mengde av personar inga hindring.
I studio tek eg bilde av heile familien samla i ulike oppsett på kvit bakgrunn, vidare kan eg ta par bilde, søskenbilde og åleine portrett. Ein må derfor rekne1-2 timar. Nokre ønsker ha med dyr i studio, det må de gjerne gjere. Dyr er ein del av familien. Av klede foreslår eg kler som harmonerer med kvarandre. Prøv å unngå striper, ruter og kraftige mønstre som stel merksemd frå andletet. Nøytral bekledning gjer at bilda blir meir tidlause.
Unngå for mykje klede på små barn, det kan bli ubehageleg for dei. Det kan være fint med nakne barne armar og bein utan sokkar eller sko. På familiebilde vil eg også anbefale å ta bilda utan sokkar og sko. Kva uttrykk ein ønsker i bilda er opp til kvar enkelt kunde. Vi planlegg dette på førehand av fotograferinga.
I prisen er fotograferinga og visningstime inkludert. Det blir sortert ut dei beste bilda sette saman i eit online galleri med vassmerke. Ut ifrå dette kan de bestille bilde. Om du ønsker, kan vi ha visningstime i studio innan ei veke frå galleriet er publisertt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg.