Eit profesjonelt portrettbilde gjer seg godt på sosiale media, på CV-en, i ein jobbsøknad eller på kanskje Tinder? Bildet av deg sjølv er med på å skape eit førsteinntrykk, så det kan være verdt investere i eit skikkeleg bilde.
Eg har portrettert menneske sidan 2005, og vil guide deg gjennom heile fotograferinga. Eg vil passe på at du føler deg vel framfor kamera, slik timen istudio blir mest mogleg naturleg. Som portrettfotograf er min jobb å framheve dine beste sider. De aller fleste som eg tek portrettbilde av, har liten eller ingen erfaring med å stå framfor kamera. Min jobb er å guidar deg gjennom hele fotograferinga – frå klestips, kroppshaldning og til et godt ansiktsuttrykk. Du skal føle deg vel og trygg framfor kamera Det er alltid ei god atmosfære i studio mitt.
I forkant av fotografering er det lurt å være utkvilt, ikkje kom stressa til studio. Er du seint ute- send meg ei melding og kom utan å stresse. Stress er aldri bra. Ta med forskjellige antrekk til fotograferinga, er du i tvil om kva du skal kle deg i, så tek du kontakt. Om du brukar sminke, ta gjerne denne med. Det kan være at ein treng “freshe” seg litt med pudder eller gloss undervegs i fotograferinga.
No jobbar eg digitalt, så teknoligien gjer det heldigvis mogleg å kike på bilda undervegs i fotograferinga. Det er viktig for meg at du får nettopp det bildet med det rette preget som du er ute etter. Vi prøver oss fram til du er nøgd.
I prisen er fotograferinga og visningsfil inkludert. Visningsfil er dei beste bilda sette saman til ein PDF med vassmerke. Ut ifrå denne kan de bestille bilde. Vi kan ha visningstime i studio innan ei veke frå visningsfil er sendt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg