Ein milepåle i livet er når barnet skal konfirmerast. Dette er ein stor dag både for ungdommen og foreldre. Konfirmasjonsfotografering er ei fin anledning til å forevige og markere eit viktig minne.
Vi kan gjere dette på forskjellige måtar. Det som er viktig er at ungdommen får vere med i planlegginga. Der er kanskje nokre spesifikke ønsker på oppsett? Kanskje han/ho har sett føre seg eit bildeoppsett? Er der ein hobby eller interesse som kan bidra til oppsett? Det som er viktig er at ein får det slik ein ønsker, slik ein kan kjenne seg igjen i bilda og at det er med på å sette preg på kven ein er.
Eg har hatt ungdom i studio med taekwondo-drakt, ballettutstyr, fotball antrekk o.l. Nokre jenter har i tillegg til bunad oppsett gjort bilde som er liknande mote sjanger. Eg bruker foreslå at ungdommen skal kike på inspirasjonsbilde i forkant, slik ein kan finne eit oppsett dei liker. Dette vil eg gjerne få tilsendt slik vi kan planlegge fotograferinga til å bli best mogleg.
Det er også mogleg å fotografere ute. Enten der de bor, ein stad de er tilknytt - eller på fjellet. Eg er med på det meste- og kan vise til mange fotograferingar i Sunnmørsfjella. Dette er helt spesielt, og godt egna for ein naturglad ungdom.
Ta kontakt for eigne prisar til fjellfotografering. Ute fotografering i nærleiken har et tillegg på 500,- om ein vel å fotografere både inne og ute.
I prisen er fotograferinga og visningstime inkludert. Det blir sortert ut dei beste bilda sette saman i eit online galleri med vassmerke. Ut ifrå dette kan de bestille bilde. Om du ønsker, kan vi ha visningstime i studio innan ei veke frå galleriet er publisertt. Ta kontakt om dette er ønskeleg. Bestilling av digitale filer, framkalling eller andre produkt kjem i tillegg.