Åndsverklova
Det er kanskje forvirrende å setje seg inn i lovverk og bruk av bilde. No er publiserte bilder som ligg på nett veldig lett tilgjengelege- og det er lett å laste ned til eiga maskin til sitt bruk. Dette er ikkje alltid lovleg i henhold til åndsverkloven og eigarskap til bildet.
Her kjem difor litt nyttig informasjon til deg som brukar av bilde- slik du kan sjå kva som er rett og gale i henhold til bruk.
Kven eig bildet?
Det er fotografen som er eigar av bildet- det betyr at han/ho er den juridiske eigar. Sjølv om ein kunde betaler for fotografering- så er det fotografen som eig bilda. Ein kunde kan kjøpe bruksrett til bruk av bilda (digitale pakkar) og framkalle bilde der det er ønskeleg. Ein kan også gjennom kjøp av bruksrett publisere bilde på instagram eller andre sosiale medier. Ein skal være forsiktig med å gje bilda vidare, dette bør vere avklart med fotograf. Vidare salg av bilde er ikkje lov, skal bilde selgast til andre (firma/utsmykking etc) skal opphavsmann/kvinne kontaktast for eiga og ny avtale.
Firma som kjøper bilder til fri bruk, kan bruke bilda til bruk etter avtale med fotografen. Ein bør kontakte fotografen på nytt om bruksrett skal utvidast. Dersom eit firma har kjøpt bruksrett til eit bilde til promotering (annonse, utsmykking) skal bilde/bilda brukast kun til dette. Om firma skal t.d gje ut ei bok og vil bruke eit bilde til Cover på boka, må fotografen (eigar av bilde) kontaktes på nytt for å inngå ny avtale om bruk.
For å bruke eit bilde på nett privat eller i bedriftsammenheng (kommersielt) så kan man berre gjere dette om ein har kjøpt bruksrett til bildet. Bilde som blir brukt (kommersielt eller printa) utan bruksrett (dvs at ein ikkje har kjøpt rettigheiter til bilde) for blir sett på som bildetjuveri. Dette er straffbart. Det same gjeld også bruken av bilda som print. Dersom eit bilde brukt utan fotografens (bildets eigar) tillatelse er dette ulovleg og kan koste deg dyrt. Fotografen har som eigar av bilde rett til å krevje betalt for dette. Som sådann er verkene for handelsvarer å regne, der opphavsperson/fotograf setter den monetære verdien og har krav på betaling. Dette gjelder for både fysisk og digital form av verkene. Dette blir regulert av åndsverksloven.
Er du i tvil om du gjer det på lovleg vis, ta kontakt med eigar av bildet og spør...
Kan fotografen publisere kva han/ho vil?
Det er ofte lurt å bli einige ved fotografering om ein kan publisere bilder i etterkant av fotografering eller ei. Her står du som kunde fritt til å gje tillatelse til dette eller be om at bilda ikkje publiserast. Her blir du som kunde beskytta av personopplysingslova, der du kan be om å ikkje bli lagt ut på nett. Det er fleire som ikkje ønsker at bilde av born skal ligge på sosiale medier, så her er det din rett til å seie nei. Eg har også kontrakt i studio der vi kan snakke om dette anten før eller etter fotografering og bli einige om publisering og kvar det evnt skal gjerast. For min del syns eg det er veldig viktig at vi har tydelige avtaler om bruken av bilda, slik du som kunde skal føle deg trygg.
Det finnes unntak til dette, dette er om bildet er tatt slik at ein ikkje gjenkjenner person. At bildet er uskarp og at det ikkje er ei direkte avfotografering av personen.
Vidare gjeld dette også der fleire er avbilda samtidig offentlig og at bildet er av allmenn interesse. Dette gjeld for eksemper på stadar som konsert, vielse der det blir som eit generelt bilde av ei folkemasse der ein er ein av fleire. Vi kan kalle det eit situasjonsbilde der fokuset er eventen og ikkje spesifikt ein vedkomande. Meir informasjon om dette finn du på lovdata.no under Åndsverksloven §45c
Vil de lese meir om dette, så gå gjerne inn på nettsida http://bildetyveri.no/ eller https://www.foto-norge.no/juridisk/
Eller ta kontakt med meg direkte om de har noko spørsmål.
0 Comments