Kunstportett av barn er meir og meir "i vinden" for tida. No er det populært å skape eit kunstbilde av barn- og dette blir planlagt nøye i forkant av fotograferinga. Eg har tatt nokre bilde av minste jenta mi for å vise kva som kan gjerast med eit slikt oppsett. Kor lekkert det kan bli når ein planlegg bakgrunn, antrekk og også rekvisitta som skal takast i bruk. Her er ho styla med litt blomster. Ikkje meir som skal til for å gje bildet eit lite særpreg.
Det er kjekt at fleire får auge for slike oppsett- så eg har mykje spanande prosjekt i tida framover. Gler meg til alle opptaka som er i planlegging.
0 Comments