GRATULERER MED DAGEN, til alle i vårt vakre land- måtte det bli ein flott dag de kan dele med dei som betyr mest
«Nordmannen» Symra, 3. utgåva 1875
Ivar Aasens rettskriving
"Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.
Han saag ut på dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
”Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.”
Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.
Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.
Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar på Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa"
0 Comments