Det er rett nydeleg å få lov til å vere del i eit bryllaup- når to skal gje kvarandre sitt "ja". Spesielt blir det når vi er midt i ein pandemi- med bryllaup som blir utsatt. Då er det ekstra stas når dagen endeleg kjem- slik det kan feirast at to blir ein. Lokasjon for vigsel er flotte Sæbø- som byr på vakker ramme for ei flott markering.
Her er nokre av bilda frå seremoni- vi tok også bilde av brudepar med forlovere og familien som var tilstade for å feire det flotte paret.
Gratulerer så mykje- og tusen takk for at eg fekk tillit til å forevige den flotte vigsla.
0 Comments