Siste månadane har eg jobba med websida mi, og også sett over bilde som eg har i arkiv. Det har vore ei utruleg flott reise. Det å kunne sette seg ned å sjå kva ein har gjort og kor mange flotte menneske ein har møtt i løpet av alle desse åra eg har jobba som fotograf- ja det har vore svært oppløftande.
Eg blir berre audmjuk og takksam.
Her er nokre aktbilde som eg har tatt tidlegare. Denne type oppdrag går under sjanger kunstportrett. Her leikar eg meg med ulike type oppsett og teiknar meg lys på kropp.
Magisk.
0 Comments